Prosjektene fra Årdal


Stein Ivar Mortensen arrangement
Jan Roger Øren dirigent, arrangement
Bjarne Øren scenografi, produksjon
Jan Erik Øyre administrativ ledelse
Trond Øyre PA lydproduksjon

"Beatles frå Årdal?"
1992-1996
Årdal, Sogndal, Oslo, Bergen
Førde, Bournemouth.

"Frå Chaplin til Elton John"
1997-????
Årdal, Bergen, Oslo
Førde, Trondheim, -

Hvis du vil høre litt fra CD'en,
kan du laste ned:

Hele åpningsnummeret
Also Sprach Zarathustra
MP3-fil 509KB 1-2min nedlastningstid

Utdrag fra "Grease"-sangen
Summer Nights
MP3-fil 423KB 1-2 min nedlastningstid

Det gjøres for ordens skyld oppmerksom på at lydkutt,
artwork etc. er underlagt vanlige regler om copyright,
og kun er publisert som en promotion av prosjektet.

Vær klar over at lydbildet ikke er spesielt egnet for
avspilling gjennom vanlige multimediahøyttalere.
Må spilles med godt oppskrudd volum!
"Film og Musikals - frå Chaplin til Elton John" er eit samarbeidsprosjekt mellom kor-, korps- og popmiljøa i Årdal. Kommunen har eit rikt og variert kulturliv og gjenom dei siste åra har ulike musikalske prosjekt vokse fram. Dette prosjektet er ein etterfølgar av Beatles-prosjektet som vart starta i 1992 og avslutta med Englandstur og konsertar i Bournemouth sommaren 1996. Beatles-prosjektet vart sett og høyrt av ca. 12.000 tilhøyrarar gjennom 22 konsertar m.a. i Grieghallen i Bergen  og Det Norske Teateret i Oslo. Prosjektet fekk rosande omtale i presse, radio og TV.  
Hydro Årdal feira sitt 50 års jubileum mai 1997. Som takk for kjempefin støtte gjennom åra med Beatles-prosjektet, laga prosjektet ein ny oppsetning som ei gåve frå dei til jubilanten. Bjarne Øren hadde forslag til ei oppsetning, og kom med idéen til musikk, kostyme og scenisk oppstilling. Han fekk klarsignal til å sette i gang planlegginga våren '96, då ensembelet drog til England. Som dirigent for tre av laga, sto han óg for innøvinga. Samman med sonen, Jan Roger Øren og Stein Ivar Mortensen, arrangør av Beatles-prosjektet, sette han saman det endelege programmet på omlag 30 melodiar frå kjende musikalar og filmar. Lokale solistar, korsongarar, korps og komp. vart som i Beatles-prosjektet med i oppsetninga. Omlag 200 utøvarar stod på scena under premieren i samfunnshuset i Øvre Årdal 21 mai 1997. Jan Erik Øyre administrerte, sonen Trond Øyre tok seg av lyd, Bjarne tok seg av lys og scenografi, og Jan Roger dirigerte.   Då CD-plata vart prenta, hadde omlag 7.500 personar over heile landet sett og høyrt konserten med omlag 200 utøvarar frå ei sognebygd med 6000 innbuarar.


Grieghallen '97

Liz framfører "Think" fra Blues Brothers

 

Elizabeth Stewart, de første årene.